God kveld alle saman !
Ein vakker kveld.
Millionar av stjerner på ein klår himmel, ca. 8 kalde grader.
Framleis ein snøskrinn vinter.
Sidan
forrige rapport har mange fått seg fine dagar i turløypene, med eller utan ski.
I helga var det reine folkevandringa i det strålande
veiret.
På måndag vart løypene fresa og preparerte med den store maskina.
Det gjorde susen i den harde snøen. Klassiskspora vart dobble
og djupare.
Traseane har vore oppfriska stort sett dagleg, og etter snøforholda er det fine løyper.
Framleis er det områder der det
kjem opp is, - så vær forsiktige !
Meldingane for komande helg er SOL !
Vi gledar oss til å treffe mange på tur :-) Preparering
vert gjort ved behov.
Alle som betalar ÅRSKORT innan den 20. jan. er med i trekning av fleire gåvekort med totalverdi kr 10.000,-
hos Moods og Skogstad.
Vonar at ALLE som set pris på turløyper vinter og sommar, kan støtte ein fellesgode for HELSE - OPPLEVING -
TRIVSEL !
Det vert lagt ein ein stor jobb for at det skal vere bra, og utgiftene rullar på seg.
Støtte gjev inspirasjon til å gjere
det endå bedre , - om økonomien tillet det.
Giroar litt i kasser på Ullsheim, Hydla og Tonningsetra.
Elles kan ein betale til
kontonr : 6557 05 08177 Skiturlaget Ullsheim-Stryn Familie kr 800,- Enkel kr 500,-
Håpar vedlagde foto lokkar fram lysta til
ein tur ut og opp :-)
Vinterhelsing frå
TULØYPER STRYN
Hildegunn og Arvid
Facebookside : Turløyper Stryn
Heimeside : www.strynturløyper.no
Mobil
: 416 59859 Hildegunn / 906 37160 Arvid
Heisann !
Ei flott kald veke er snart slutt, - og det har mildna. Holsetra no på ettermiddagen ca. – 3 grader. 4 millimeter med
NYSNØ !!
I dag er det Pålsmesse, - og det varslar eit veirskifte. Faren er at det kan bli like lenge med uveir som vi har hatt med
fineveir.
Håpar å bli velsigna med nokre snøbyger. Søndag er det fullmåne, - og siste kveldane har vore fine og lyse.
I løypene har det vore forholdsvis bra med folk gjennom heile veka. Forrige helg vart berre eventyrleg, - det aula med ski og gåglade.
Kvivsvegen
har gjort susen. Rask tur frå Volda/Ørsta området, kjekt.
På morgon/føremiddag i morgon, vert traseane bli oppfresa
og preppa med doble spor. Dermed er det berre å pakke sekken,
frisk luft og vakker natur ventar på deg. Vi minner om å vere forsiktig
i unnarenna. Elles kan det stadvis vere litt is, sjølv om det vert fresa.
Viktige reglar for både på ski og gåande på beina
:
Holde til høgre, og vis omsyn ! Hudeeigarar : Ta med hundelorten, la den for all del ikkje bli liggande i traseane !!!! Elles ber
vi om at alle held rasteplassane fri for søppel !
Vi ynskjer alle ei knakane kjekke helg !
TURLØYPER STRYN AS
Hildegunn og
Arvid
Facebookside : Turløyper Stryn
Skiturlaget Ullsheim-Stryn : kto 6557 05 08177
Familie kr 800 Enkel
kr 500
Ca. - 4 grader, skya, skodde på toppane og snøfiller dansar i lufta. Ca. 5 - 10 cm nysnø sidan i går. Nypreppa frå Ullsheim - Holsetra
- Tonningsetra - Tverrfjellet - ned til Hydla. Fine forhold !
I morgon er det "Kyndelsmesse"- ein kan vente seg ein hard
veirbolk med storm og snø. Håpar at det vert snø utan storm :)
YR har lovnad om litt meir snø i helga :) Løypene vert preparerte
ved behov !
Sidan forrige post har vi hatt trekning blant dei som har betalt årskort innan den 20. jan. Dei heldige vinnarane
er :
1. Moods kr 2.000 : Willy
Franzen, Fosnavåg
2. Skogstad kr 1.500 : Reidunn og Ivar Brynestad,
Stryn
3. Skogstad kr 1.000 : Randi og Bjørn Bøe,
Leinøy
4. Moods kr 1.000 : Arild Melschiorsen, Sykkylven
5. Skogstad kr 1.000 : Marit Raftevold
og Arvid Sølvberg, Hornindal
6. Moods kr 1.000 : Eirik Sølvberg, Voss
7. Skogstad kr 1.000 : Ivar Ulvedal,
Stryn
8. Moods kr 500: Jorunn G. og Markvard Sunde, Stryn
9. Skogstad kr 500: Eivind Grov, Loen
10.Moods kr 500: Magnar Sunde, Stryn
Tusen takk til våre sponsorar for gåvekorta:
Moods of Norway og Skogstad Sport.
Vi takkar også alle som
har betalt årskort. Ein del av giroane som vart utsende er endå ikkje betalte,- men vi håpar at dei sig atti ;) - og at endå fleire
nye sig til !
Sjølv om det har vore lite snø, har det vore store utgifter til nesten dagleg preparering, snøkøyring, mm.
Skiturlaget
Ullsheim-Stryn : kto 6557 05 08177 Familie kr 800 Enkel kr 500
Vi ynskjer alle ei fin snøhelg :)
- og har De alt gløymt fineveirsdagane, sjå vedlagde foto !
Snøfluksehelsing frå
Hildegunn og Arvid
TURLØYPER STRYN AS
Telf. 906 37160/416 59859
Facebookside : Turløyper Stryn
God ettermiddag !
Ein solskinsdag er godt i gong, knallblå himmel og ca. 12 kalde grader.
Flott gnistrande skiføre, og sola varmar
:)
Mot helg vert det lagt doble spor i dei ordinære traseane, - elles stort sett 1 spor + plass for friteknikk.
Siste 3
dagane har vi jobba med å få til meir løyper.
Bjørneløypa mellom Spjelkebu og Langhaugen er no i åpningsfasen, også PANORAMALØYPA
frå Holsetra til Grendasetra vert ein flott tur i helga.
I begge traseane har det vore MYKJE jobb med å få nok snø inn i traseen.
Vi
har teke inn ein heil del snø frå sidene, - dosing og køyring att og fram fleire gongar.
Det er ein stor jobb å få til løyper der det
ikkje er grunnplanert, stor fare for å treffe steinar og stubbar.
Heldigvis har det gått bra utan skade på utstyr.
I Panoramaløypa vidare
frå Grendasetra til Småskorane er dessverre for lite snø for prepping.
Pakk sekken og nyyyt ei flott helg i snøen !!
Håpar vi
at maaange tek turen ut denne helga.
Legg ved foto som viser dagens veir og snøforhold.
Vi ynskjer alle ei strålande helg!