Turløyper Stryn
mywebsite004026.gif
LØYPEKART
mywebsite004025.jpg
Fredag 21. desember ca. kl. 14.00

God jul godtfolk !

 

Fredag 21. des. = vintersolsnu. 

Temp. er  ca. – 7 grader, blå himmel og sol.

 

Slik veiret er i dag vil det bli heile vinteren, og det vert eit godt år !

Etter ein svært stabil og fin vintermånad er det no meldingar om litt snø, og passeleg med kuldegrader heile juleveka.

Dermed ser vi håp om skiløyper av natursnø, og maange som tek turen ut i frisk og stemningsfull natur.

 

På Ullsheim har det vore produsert ein god del kunstsnø, og treningsforholda for friteknikk er gode i ca. 1,5 km løype.

I går vart det transportert kunstsnø ut i turløypene.

Frå Tonningsetra (bommen til Holevatnet) -Vikadalen-Holsetra-Turrhaugen, er det gode forhold for friteknikk.

 

På Ullsheim er det fint og boltre seg for både små og store, -  med eller utan snø.

 

I "Årestova" er det julepynta. Ta med mat og drikke, fyr opp i grua og koos dokke !

 

Legg ved foto frå dagens prepperunde.

 

Vi ynskjer alle ei triveleg julehelg og eit godt nyttår !

Håpar på flott vinterveir, gode skispor, og mange som tek turen ut i naturen.

 

Julehelsing frå

 

TURLØYPER STRYN

Hildegunn og Arvid

mywebsite022014.jpg
Stemningsfullt på Lundesetra
mywebsite022013.jpg
Tonningsetra, vi treng den snøen som ligg
mywebsite022012.jpg
Traseane kan brukast til fleire trimaktivitetar
mywebsite022011.jpg
Vintersolsnu, og sola skin fint i høgda
mywebsite022010.jpg
Løype mot Holsetra
mywebsite022009.jpg
 Trakkemaskina på jobb
mywebsite022008.jpg
Klår himmel og skoddedottar
Torsdag 28. desember ca. kl. 15.00

Hei alle saman !

 

I går dala julesnøen ned  i rikt monn, ca. 40 - 50 cm.

Den var lett og fin, så i dag har snødjupna minka betrakteleg.

Når mengda vert så stor på ein gong, håpar vi De forstår at det er umogleg å holde gode løyper til ei kvar tid.

Maskina har no vore runden i alle dei vanlege turløypene, også i lysløypa ved Stryn Vinterski, og opp vegen frå Vinsrygg mot Tverrfjellet.

Forholda er fine. I dag er det fullmåne, håpar vi får sjå den stor og lysande :-) Framover mot nyttår er det meldt mildveir, - men ser ut som det fort vil bli kaldare att.

Vi preparerer ved behov.

Dagleg oppdatering på facebook : Turløyper Stryn

 

På Ullsheim er det dessverre tomt for vatn,-  dusj og toalett er derfor ikkje tilgjengeleg !

 

Vi ynskjer alle ei fin romjul og eit godt nytt år 2013 !

 

Legg ved stemningsfoto frå i dag.

 

Beste helsing

TURLØYPER STRYN

Hildegunn og Arvid

mywebsite022006.jpg
Endeleg godt skiføre på Ullsheim
mywebsite022005.jpg
Julestemning i Markane
mywebsite022004.jpg
Kjekt med snøaktivitetar rundt Årestova
mywebsite022003.jpg
Stemningsbilde mot Stryn sentrum
Torsdag 10. januar 2013 ca. kl. 16.00

Torsdag 10. januar 2013 : Temp. ca. 6 grader og det har vore ein strålande dag. Det er skrint med snø, men etter forholda held løpene seg bra når ein kjem litt opp i høgda.

 

Ullsheim - Holsetra - Tonningsetra har stort sett kvar dag vore "opprubba", og der er eit klassisk spor.

Vis varsemd i dei oppisa partia !

 

Meldingane framover er kulde, og utsiktene for snø første veka er minimale.

Ein vurderer etterkvart om ein skal ta inn snø frå sidene der det er mogleg.

 

Minner om at det laurdag og søndag er Bendit skiskytterfestival på Ullsheim, parkeringsvakter  begge dagar ! Hugs å legge årskort synleg i bilen, så slepp De å betale !

 

Kiosk på Ullsheim begge dagar !

 

Avstemming om ÅRETS kvarsdagshelt pågår !

Arvid vart månadens kvardagshelt i febr. 2012, og fekk kr 10.000,- til eit godt formål i idrettslaget. Bygging av ein gapahuk ved skileikbakkane på Ullsheim er i gong, og vert delfinansiert med midlane. STEM på Arvid !!! Vinnaren får kr 30.000,-  kjem han til topps, - ja så vert gapahuken fullfinansiert ...:-) Du stemmer på sida til Skogstad Sport : http://skogstadsport.no/skjema/responseschema.aspx?instanceid=1

 

Vi ynskjer alle ei triveleg helg !

TILBAKE
TIL
LØYPEMELDING
Eldre løypemeldingar (4):
Eldre løypemeldingar
(1)
Eldre løypemeldingar
(2)
Eldre løypemeldingar
(3)
TILBAKE
TIL
LØYPEMELDING
mywebsite004022.gif
Eldre løypemeldingar
(5)
mywebsite004022.gif
Eldre løypemeldingar
(6 - nyast)