God føremiddag !
 
Fredag 17. febr. -12 :
 
Temp. - 1 grader, lavt skydekke, og det snøar ! Preparering innover fjellet pågår no !
 
Snømengde målt i terrenget i dag kl. 9.45 :
Dybevoll hyttefelt : 1, 60 m
Holsetra : Ca. 2 m ved skiltet ! Temp. - 2 grader
 
YR sine meldingar for helga : MEIR SNØ !!
 
Løypene har vore preparerte kvar dag, men spora blir fort attsnøa.
I går vart det køyrd 2 gonger,eine runden vart det pakka saman med den store rullen,
så traseen vart ganske fast. Sidan i gårkveld har det kome ca. 10 cm med lett snø.
Dei vanlege løypene vert i helga preppa som før !
 
Fjell-løypene :
Veiravhengige, - og lyt vurderast etterkvart !
Følg med oppdatering på Facebooksida: Turløyper Stryn
 
Vedlagde foto vart knipsa på onsdag. Litt snø på hyttetaka no !!
 
Vi ynskjer alle ein kjekk tur i snøen, - tenk kort godt det vil smake med ein fastelavensbolle etterpå ;-)
Fredag 17. februar 2012 kl. 12.00
Turløyper Stryn
Fredag 24. februar 2012 kl. 10.00
 
God føremiddag alle saman !
 
Fredag 24 .februar 2012 : ca. kl. 09.45:

Temp. - 1, snøbyger og lavt skydekke. Preparering av dei vanlege løypene pågår no !
 
I turløypehøgde har det denne veka kome ein del snø, men den er våt og tung, - og søkk fort saman.

Snødjupna har derfor ikkje endra seg noko sidan forrige meld ( ca. 2 m i terreng ).
Løypene har vore preppa kvar dag, og folk kjem seg ut sjølv om sola ikkje skin :-) kjempeflott !!
YR melder om solgløtt i helga, - vi ventar i spenning !
 
Det er stor skredfare i fjellet, hold dokke i preparerte løyper. Veir - og føreforhold bestemmer om fjell-løypene vert preppa i helga !
 
Snømengde på hyttetak :

Mange har måka hyttetaka sine. Dei som endå ikkje har gjort det, BØR TENKJE på å gjere det ! Vi observerer at mange bygningar ikkje har det godt ! Snøen er tung i år !
 
I dag er det Mattismesse / Lauparmesse. Er det mildt, vil det bli kaldare ! "Dei bekkane som renn mest før laupmess,
skal tie etter. "
 
Vi ynskjer alle ei knakande kjekke helg !

Hei alle saman :-)


Soool og blå himmel !!!!!!

Temp. har i natt vore ca. - 3 grader.

Etter ei ruskeveirsveke vakna vi i dag til ein flott dag, - og meldingane varslar ei fineveirshelg :-)

Vi skal gjere vårt til at forholda i løypene vert trivelege. Panoramaløypa vart i går preppa frå Holsetra til Grendasetra, - står skia klar, er det berre å legge i veg !

Med slike veirmeldingar satsar vi på at ALLE løypene vert preparerte i løpet av ettermiddagen !

Leit fram solkrem og solbriller, pakk sekken med kakao, kvikklunsj og appelsin ;-)

Elles går det mot ei hektisk veke fram mot Junior-NM skiskyting.

Følg med på : http://www.jrnm-stryn2012.no/

No også webkamera på Ullsheim, sjå : www.markane.no

Søndag er det skileik på Ullsheim frå kl. 12.00, med mange kjekke aktivitetar !

Med ynskje om ei STRÅLANDE HELG :-)
Eldre løypemeldingar (2):
TILBAKE
TIL
LØYPEMELDING
Fredag 2. mars 2012 kl. 11.00
Eldre løypemeldingar
(1)
Eldre løypemeldingar
(3)
TILBAKE
TIL
LØYPEMELDING
mywebsite004022.gif
Eldre løypemeldingar
(4)
mywebsite004022.gif
Eldre løypemeldingar
(5)
mywebsite004022.gif
Eldre løypemeldingar
(6 - nyast)