Turløyper Stryn
Torsdag 8. mars 2012 kl. 21.30

Temp. ca. + 3 grader, vind og litt regn !

Veirmeldingane dei neste dagane, er dessverre mykje nedbør i form av regn.

 

Denne helga har vi fokus på NM-jr. skiskyting på Ullsheim, der Arvid er preppesjef for konkuranseløypene til skiskytterar frå heile landet.

Løypene ligg i nærområdet rundt Ullsheim.

 

Så langt som vi maktar, vert dei vanlege turløypene preparerte som før. Ser ikkje ut som det vert veir for fjell-løyper.

 

Sidan forrige rapport har vi fått heimeside, www.strynturløyper.no

- så velkomen innom for ein titt :-)

 

Målet vårt er at vi etterkvart sluttar med rapportar pr. e-post, og at melding om løypene vert lagt ut på heimesida og vår facebookside : Turløyper Stryn.

 

Vi håpar mange tek turen og heiar rundt NM-løypene på Ullsheim.

Program og div. informasjon finn De på heimesida : www.jrnm-stryn2012.no

Web-kamera mot arena : www.markane.no

 

Grunna stor trafikk til Ullsheim og svært mange bilar, anbefalar vi publikum å fylle opp bilane, eller ta skituren over fjellet.

 

Vis respekt for sperringar mot konkuranseløyper,likevel er det plass for "turistar".

 

Årskort i Skiturlaget Ullsheim-Stryn,  gjeld IKKJE ved parkering på Ullsheim denne helga.

Jfr. opplysningar på giroen for årskort !

 

Denne helga er park.avg. :

 

Pr. renndag: kr. 70,- .    Alle renndagar: kr. 200,-

 

Bildet til høgre er knipsa i dag!

Løypene held seg bra sjølv om mildvêret herjar!
Fredag 16. mars 2012, ca. kl 11.20

Temperaturen er  + 5 grader, lettskya og oppholdsveir.

 

Endeleg har vi ein fin dag, sidan forrige rapport har det vore forholdsvis mykje nedbør i form av regn.

 

Meldingane for helga er nokolunde, men søndag kan vi vente nedbør som snø, i høgde med Tverrfjellet.

 

Preparering vert utført,  men vi lyt vere litt forsiktige å køyre for mykje, grunna blaut snø. Når denne vert uroa kan løypene lett bli «sløsjete».

 

Prepping av «Panoramaløypa», vert truleg  i kveld !

 

Sjølv om all nedbøren har resultert i stor snøsmelting, er det endå gode snøforhold i traseane.

 

Dei som ikkje har prikka inn langrennsforma til påske, bør ta ein liten runde i helga J

 

 

GOD HELG !

 

Fredag 23. mars 2012, ca. kl. 09.00

Temp. + 5 grader, skya, ( kan skimte blå himmel ) oppholdsveir!

 

Måndag og tysdag kom det ca. 25 cm med snø inne på fjellet - med mildveir søkk den fort saman !

 

Det er endå godt med snø i løypetraseane, men vi lyt vurdere etterkvart kor mykje som kan preppast, særleg i løypa ned mot skisenteret. Grunnen er at snøkvaliteten som er ganske fuktig, tapar seg kvar gong maskina "uroar" den.

 

YR.no sine meldingar mot helg = SOL  !

 

Søndag er det "Marimesse" :  "Vårfrumess-natta klår, bær bud om ein skarp vår!"

 

Løypa mot Veten/Hogden vart preppa i går, og med solskinsmeldingar vert det også "Panoramaløype".

 

Med vinterfestival på Stryn Vinterski og nypreppa turløyper, bør det i helga være tilbod for ein kvar smak !

 

Vi ynskjer alle ei KNALLHELG med ski og solbriller :-)

Eldre løypemeldingar (1):
TILBAKE
TIL
LØYPEMELDING
Fredag 30. mars 2012, ca. kl. 09.30

Temp. - 1, dis i fjella og det snøar lett.

 

Etter ein månad med mildveir og mykje nedbør, ser det ut som vi går mot ei påske med kuldegrader og meir snø.

Snøforholda i turløypetraseane er etter årstida gode, sjølv om det siste tida har vore eit litt vått og trasigt føre.

Når våren tek tak i lavlandet, dabbar det fort av med folk i løypene, men vi håpar at mange tek på seg skia att i påskeveka.

 

Det er håp om solgløtt mellom snøbygene :-)

 

Preparering vil bli utført etter behov og veirforhold, også i fjell-løypene.

 

Palmesøndag vert"Holmøyskarrennet" arrangert i reserveløype frå Ullsheim.

Sjå : www.holmoyskarrennet.no for meir info.

Planen er at rennet går i løypa om Veten/Hogden,  vidare i løypene på Tverrfjellet, mot Holsetra og Ullsheim.

 

Vi ber om at turistar og andre held løypa klar for dei som går på tid (har startnr.).

 

HUGS kontantar til startkontingent, parkering og kiosk !

 

Vis årskort i Skiturlaget til billettvakter, så parkerer De gratis !

 

NB !

Vi manglar litt innbetalingar av årskort i Skiturlaget !

Er det ein forgløymelse ??

 

Skiturlaget Ullsheim-Stryn : kto 6557 05 08177

Familie kr 800,- Enkel kr 500,-

 

Flott om fleire kan vere med å støtte drifta av turløypene vinter / sommar,

det har vore ein vinter med mykje veir og store utgifter til preparering.

 

Dersom nokon treng transport av ved eller andre ting til veglause hytter,

kan dette bestillast hos oss, - og utførast medan snøen ligg.

(Telf. 906 37160 )

 

Ein kort rapport om forholda vil bli utsendt før skjærtorsdag.

 

Følg elles med på facebooksida : Turløyper Strynog heimesida : www.strynturløyper.no

 

Med fineveirsbilder frå påska i fjor, ynskjer vi alle ei triveleg palmehelg !

mywebsite019010.jpg mywebsite019009.jpg mywebsite019008.jpg
Onsdag 4. april 2012, ca. kl. 17.30

Skya, gløtt av sol, nokre små snøfjom i lufta.

 

Sidan måndagskvelden har det vore fine forhold til å vere ute.

 

Sola braut omsider gjennom skydekket, og forholda i turløypene har vore fine.

Det siste snøfallet gjorde at skiføret er perfekt.

 

Alle turløypene inkl. fjelløypene  om Veten/Hogden og til Småskorane er preppa.

 

Kjekt å sjå at mange nyttar spora.

 

I morgon er det meldt meir snø,  men frå fredag ser det ut som sola vil kome fram igjen.

 

Dei vanlege turløypene vert preppa ved behov, og fjelløypene når veir og føre tillet det.

 

 

Med foto frå i går og i dag,  vil vi ynskje alle nokre flotte påskedagar !

mywebsite019005.jpg mywebsite019004.jpg mywebsite019003.jpg
LØYPEKART
mywebsite019002.jpg
Eldre løypemeldingar
(2)
Eldre løypemeldingar
(3)
TILBAKE
TIL
LØYPEMELDING
mywebsite004022.gif
Eldre løypemeldingar
(4)
mywebsite004022.gif
Eldre løypemeldingar
(5)
mywebsite004022.gif
Eldre løypemeldingar
(5)
mywebsite004022.gif
Eldre løypemeldingar
(6 - nyast)